Frå rogn til smolt - kvalitet i alle ledd

Ænes Inkubator er eit moderne, landbasert settefiskanlegg i Hardanger som produserer rogn og smolt til oppdrettsnæringa. Gjennom avansert teknologi og berekraftige løysingar sikrar vi høg kvalitet på fisken – og legg grunnlaget for den framtidige lakseproduksjonen.
Tilsette
0
Smolt levert
0 mill
Landbasert produksjon
0 %
Totalt karvolum
0 m³

Om Ænes Inkubator

Byggjer framtidas havbruk i Hardanger

Ved Ænes Inkubator, som ligg ved den naturskjønne Hardangerfjorden i Noreg, kombinerer vi moderne teknologi, høg kompetanse og eit sterkt engasjement for fiskevelferd for å produsere robust smolt til norsk havbruk. Frå anlegget vårt leverer me kvalitet i alle ledd – frå rogn til leveringsklar smolt.

Som eigd av Eide Fjordbruk, Lingalaks og Tombre er me ein viktig del av verdikjeda innan norsk oppdrett. Målet vårt er å bidra til ei berekraftig næring gjennom trygg produksjon, kontinuerleg utvikling og høge kvalitetskrav.

Med fokus på biosikkerheit, presisjon og ansvarleg drift legg me grunnlaget for framtidas sjømatproduksjon.

Produksjon

Moderne produksjon med fokus på kvalitet

Vår visjon er at vi skal levera frisk og sterk laksesmolt - vårt landbaserte anlegg er difor bygd for å møta framtidas krav til kvalitet, fiskehelse og berekraft.

Berekraft

Berekraft i alle ledd

Vi jobbar kontinuerleg med å redusera miljøpåverknad og skapa verdiar for både samfunn, dyr og menneske.

Karriere

Vil du bli ein av oss?

Hos oss får du høve til å utvikla deg i eit moderne og framtidsretta fagmiljø med dyktige kollegaer og spanande arbeidsoppgåver.