Vi tek vår rolle som forvaltar av naturressursar på alvor, og skal i alt vårt arbeid søkje å redusere vårt forbruk av vatn, energi og andre innsatsfaktorar med påverknad på miljøet.
Natur og miljø er grunnlaget for vår produksjon. Vi skal vera ei mønsterbedrift, og skal til ei kvar tid følgja lovar og forskrifter, samt driva kontinuerleg forbetringsarbeid for å oppnå og styrkja våre miljømål.
Vi tar vår rolle som forvaltar av naturressursar på alvor, og skal i vårt arbeid søkja å redusera forbruk av vatn, energi og aktivitet for å ivareta artsmangfold og dyreliv i nærområdet.
Dette skal vi oppnå med opplæring, vedlikehold og gode rutinar for miljømessig og effektiv drift.
Laga sunn og berekraftig mat ved effektiv foredling av naturresursar.
Tilretteleggja for utnytting av ensilasje til energiproduksjon, gjødsel og for.
Driva kontinuerleg forbetring ved å implementera nye lovar og forskrifter i prosesstrinna.
Energigjenvinning ved varmeveksling i prosessane.
Skapa samarbeidsklima for auka miljømedvit for medarbeidar, kundar og leverandørar.
Ta ansvar for å minimera vår påverknad i nærmiljøet

Vårt GGN nummer er 4052852404402