Gjennom moderne teknologi, høg bio-sikkerheit og dedikerte medarbeidarar følgjer vi fisken gjennom heile den tidlege livsfasen – frå rogn til robust og leveringsklar smolt. Vi jobbar kvar dag for å skapa best mogleg resultat både for fisk, kundar og miljø.
Moderne fasilitetar
Kontrollerte prosessar i alle fasar
Robust smolt i alle fasar
Ænes Inkubator er eit moderne settefiskanlegg bygd rundt fem avanserte RAS-enheitar (resirkulerande akvakultursystem). Fire av disse er utstyrt med ZWC-teknologi (Zero Water Change), som mogleggjer ein vannresirkulering på heile 99,9 prosent og bidreg til ein svært berekraftig og ressurs-besparande drift. Anlegget har eit samla areal på 9 500 kvadratmeter, inkludert 1 000 kvadratmeter dedikert til administrasjon og kontorfasilitetar.
Produksjonen er organisert i fem separate avdelingar fordelt på ulike hallar. Dei tre første avdelingane nyttar stålkar, medan dei to siste er bygd med betongkar tilpassa ulike produksjonsfasar. I tillegg rommar anlegget eige klekkeri, vaksinasjonshall, fôrlager og fleire støttefunksjonar som sikrar ein effektiv og heilheitleg drift gjennom heile produksjonsprosessen.
Ved slambehandlingsanlegget vert all avføring og alle fôrrestar fanga opp. Slammet inneheld verdifulle næringsstoff og ressursar som har global etterspurnad, og vi arbeider difor for å utnytta dette råstoffet best mogleg.
Gjennom avvanning mot ein tørrstoffprosent på over 30%, vert transportbehovet redusert, noko som gir lågare utslepp og ein meir effektiv handtering av ressursane.
Vi får levert augerogn som vi klekker og aler opp til parr eller smolt, som blir levert til kunde. Gjennom denne prosessen blir fisken flytta og sortert fleire gongar. Den blir i tillegg vaksinert når den er om lag 60 gram, for å verna mot vanlege sjukdommar den kan støyta på når den går over i sjøfasen.
For å sikra produksjon av robust smolt er alle fasane i livet til fisken viktige.
er resultatet av god avl, gode driftsrutinar, god ernæring og god dyrevelferd. For å oppnå dette er vi avhengige av gode leverandørar av rogn og fôr, samt at vi treng dedikerte og kompetente tilsette, men også eit anlegg som fungerer.
Ein gjennomsnittleg smolt frå Ænes har vore i anlegget vårt i om lag eitt år (frå rogn til smolt), og veg om lag 250 gram.
God fiskehelse er utgangspunktet for å levera kvalitetssmolt til kundane våre, og slik å gje dei det beste utgangspunktet for ein god og berekraftig produksjon i sjø. Vi har stort fokus på fiskehelse gjennom heile produksjonen.
Vårt anlegg har strenge biosikkerheitstiltak som skal hindra at skadelege mikroorganismar kjem inn, eller får etablert seg i anlegget. Også produksjonsrelaterte sjukdommar kan oppstå, noko vi kvar dag jobbar med å førebyggja i samarbeid med ekstern fiskehelseteneste.
Vi har eige laboratorium der vi utfører prøveuttak, vasskvalitetsanalyser og rutinekontrollar av fisken vår.
Teknisk avdeling er ei sentral del av drifta ved Ænes Inkubator. Gjennom breid fagkompetanse og allsidig teknisk erfaring, syt vi for sikker og stabil drift av eit moderne og høgteknologisk anlegg. Med blikk for detaljar og kontinuerleg forbetringsarbeid, arbeidar vi for å ivareta fiskevelferd, driftssikkerheit og eit trygt arbeidsmiljø.
Laksen er ein anadrom art, som betyr at den startar livet i ferskvatn. Etter ei gitt tid vil laksen smoltifisera - at den går over frå å vera ein ferskvassfisk til ein saltvassfisk. Dette er ein krevjande periode for fisken, som fører til stor omstilling av fysiologien. På Ænes Inkubator produserer vi laksen i ferskvassfasen, og gjer den klar for overføring til sjø.
Etter sjøsetting fortsett laksen veksten i 10-16 månadar, og blir til slutt slakta ved om lag 5 kg. Kor lenge laksen står i sjøen, avheng av mellom anna storleik ved utsett, smoltkvalitet og sjøtemperatur.