Om oss

Om oss

Kven vi er

Ænes Inkubator AS er eigd av Eide Fjordbruk, Lingalaks AS og Tombre. Dei er òg hovudkundane våre og mesteparten av laksen me leverer går til dei. 

Ænes Inkubator er eit framtidsretta settefiskanlegg etablert for å sikra høg kvalitet i dei tidlegaste fasane av lakseproduksjonen. 

Med moderne fasilitetar og avanserte løysingar arbeider vi kvar dag for å skapa optimale forhold for fisken og leggja grunnlaget for vidare vekst i havbruksnæringa.

Hos oss handlar det om meir enn produksjon. Vi er… 

Vi trur at framtidas havbruk vert skapt gjennom kunnskap, innovasjon og ansvarlege val. Difor er vi opptekne av kontinuerleg utvikling, høg biosikkerheit og effektiv ressursutnytting i alle ledd av produksjonen. 

Bak anlegget står eit engasjert team med brei erfaring og sterk fagleg kompetanse. Saman arbeidar vi for å skapa verdiar for kundar, lokalsamfunn og næringa som heilskap. 

Smolt

Med røter i Hardanger og blikket retta mot framtida byggjer vi vidare på ein ambisjon om å vera ein påliteleg samarbeidspartnar og ein viktig bidragsytar til norsk havbruk.

Historia om Ænes Inkubator

Ænes Inkubator vart etablert med ein klar visjon: å bidra til utviklinga av framtidas havbruk gjennom moderne teknologi, høg kvalitet og berekraftige løysingar.

Med den storslåtte naturen i Hardanger som utgangspunkt voks idéen fram om å bygge eit toppmoderne landbasert anlegg som kunne sikre optimale forhold for produksjon av rogn, yngel og smolt.

IMG_3133

Frå dei første planane vart teikna, til spaden vart sett i jorda og anlegget gradvis tok form, har utviklinga vore driven av langsiktig tenking, fagleg kompetanse og eit sterkt ønskje om å bidra positivt til havbruksnæringa.

Gjennom målretta arbeid og investeringar i moderne teknologi har Ænes Inkubator utvikla seg til å bli eit framtidsretta anlegg med høg grad av kontroll og overvaking i alle ledd.

teknisk

Frå dei første planane vart teikna, til spaden vart sett i jorda og anlegget gradvis tok form, har utviklinga vore driven av langsiktig tenking, fagleg kompetanse og eit sterkt ønskje om å bidra positivt til havbruksnæringa.

Gjennom målretta arbeid og investeringar i moderne teknologi har Ænes Inkubator utvikla seg til å bli eit framtidsretta anlegg med høg grad av kontroll og overvaking i alle ledd.

Ænes Inkubator teknisk

I dag er vi ...

ein viktig del av verdikjeda i havbruket.
Her arbeider engasjerte medarbeidarar kvar dag for å sikre robuste og sunne individ som er godt rusta for neste fase i produksjonen. Samstundes held vi fram med å utvikla verksemda, utforska nye løysingar og styrkja arbeidet med berekraft og innovasjon.

IMG_3331

Historia vår handlar ikkje berre om bygg og teknologi. Ho handlar om menneska bak satsinga, om viljen til å tenkje nytt og om tru på at framtidas havbruk skal byggjast på kunnskap, kvalitet og ansvar. Med blikket retta framover skal Ænes Inkubator halde fram med å vera ein påliteleg og framtidsretta aktør i ei næring i stadig utvikling.

Nærmiljøet

Vi er stolte av å ha røtene våre i Kvinnherad. Gjennom arbeidet vårt ønskjer vi å skapa varige verdiar – for lokalsamfunnet, næringa og framtidige generasjonar. Ved å byggje kompetanse og arbeidsplassar lokalt, bidreg vi til ei berekraftig utvikling i regionen.

Ænes Inkubator anlegg

Ænesdalen og områda rundt har ein eigenarta og vakker natur med store opplevingskvalitetar frå dalføra og opp mot høgfjellet. Dalane har vassrike elvar og viktige geologiske førekomstar og biologisk mangfald. 

Æneselva er eitt av dei viktigaste laksevassdraga i Kvinnherad og munnar ut i Hardangerfjorden ved innløpet til Maurangerfjorden. Vassdraget er om lag 20 km langt, der rundt 8 km opp til Hestabotnen er lakse- og sjøaureførande. Her er det også lang tradisjon for villfiske. 

Middelvassføringa i Æneselva er 4,7 m³/s.

Ænes Inkubator Hardanger